Vandring i
kystlandskapet

Hovudkategoriar av innhald

Skjørbuksurt. blad og blome.002

Flora

Skjørbuksurt er ein typisk plante i strandsona.

dyr og planter i strandsona 10

Fauna

I sommarmånadene er makrellterna aktiv i næringsøket sitt langs kysten vår.

steingard

Skildring og forvaltning av kystlandskapet

Det vil etter kvart bli lagt ut linker/tilråing til aktuelt fagliteratur, for dei som ynskjer å gå litt djupare inn i ulike emne.

Presentasjon

Mitt namn er Lars Johan Hufthammer og er ansvarleg for denne nettsida. Eg er utdanna sivilagronom (Cand. agric.) frå den tidlegare landbrukshøgskolen. Uteksaminert i 1994. Sida er bygd på grunnleggjande biologikunnskap. samt mine mange turar i strandsona. Eg likar å fotografere, og bilda er førebels berre mine eigne foto. Nokre fine og nyttige byggverk, som har historisk verdi, er også teke med.

Denne sida er fyrst og fremst meint til inspirasjon. Når me ser ein plante eller eit dyr som me kanskje ikkje har lagt merke til før, så vil me gleda oss. Uansett så vil det å sjå eit vakkert landskap med sin flora og fauna, uungåeleg røra ved oss. Kjærleiken til naturen blir vekka, som i sin tur gjer at me kjempar for å ta vare på den. Vonar at denne sida vil kunne vera til gled for dei som vitjar den og ynskjer å ta turen ut.

frost.januar 10
Oter som ligg og kviler seg i lyngen
det meste til heimeside 27

Ein hjort dukka brått opp i landskapet då eg var i Selvikvågen naturreservat. Den såg på meg ei stund, før den forsvann bak haugen til venstre.