Flora
Her er eit bildedgalleri som viser nokre av dei plantane som er vanleg å finne i strandsona. Plantar som lever i kontakt med sjø og sjødrev, er tilpassa eit saltrikt miljø. Nokre plantar kan skilja ut salt gjennom bladverket og blada kan få eit matt kvitt belegg på overflata, grunna saltbelegg som legg seg på blada. Mange av plantane som veks i strandsona, har også saftfulle blad og stenglar der dei kan lagre vatn. Desse plantane blir kalla sukkulenter. Nokre plantar kan også lagre vatn i rota. Slik lagring av vatn gjer at dei tåler tørke betre, der det er eit saltrikt miljø og i mange høve sparsamt med jord og vatn. Sukkulentar vil også kunna etablera seg på andre natturtypar eller lokalitetar der vasstilgangen er låg. Til dømes vil rosenrot finnas i kystsona, men også i fjellet.
I tillegg til norsk namn, er det også skrive ned det latinske namnet og plantefamilien plantane tilhøyrer. Underartar er det ikkje fokusert på i vesentleg grad. Dei latinske namna er henta frå artsdatabanken. Der finn me dei mest oppdaterte namna, for det skjer stundom justering i systematikk og namngjeving. Særleg har endring i familie- og slektsforholda endra seg noko etter at DNA analyser blei vanlegare å nytte. Dei latinske namna er internasjonale og kan nyttast på tvers av ulike språk. Det latinske namnet består av to namn, der det fyrste er slektsnamnet og det andre er artsnamnet. Det kan vera tilføydd namn på underatar og kva botanikar som har gitt opphavet til plantenamnet. Med utgangspunkt i eit felles vitenskapleg namn på latin, kan alle finne namnet på artane på sitt morsmål.















