Fauna

Fauna

Det er to pattedyr som er med her. Inroduksjonsbilde syner ei steinkobbe som har funne seg ei ei seng av tang på eit lite skjær og ligg der og kviler. Oter er eit anna pattedyr som me kan sjå ved kysten. Den livlege og  leikne oteren treng også ein pust i bakken. Bilde under viser ein oter som ligg i lyngen og kviler seg. Deretter er det ein videosnutt av ein oter i aktivitet på husestranda.

frost.januar 10

Mesteparten av dei større dyra (virveldyra), er fuglar. Det er artar frå tre hovudgrupper. som blir presentert no i fyrste omgang: Vade-, måke- og andefuglar. I tillegg blir einskildartar, utanom desse guppene, presentert. Som introduksjon, er det i videoen under vist to vadefuglar: Tjeld og raudstilk. Måten dei leitar etter næring på stranda, forklarer på mange måtar kvifor dei heiter vadefuglar. I tillegg har dei lange bein og som regel eit langt nebb. Dei manglar svømmeføtter mellom tærne slik som ande- og måkefuglane.

Vadefugler, bildegalleri

Andefuglar