Om sida
Denne sida er fyrst og fremst meint til inspirasjon. Når me ser ein plante eller eit dyr som me kanskje ikkje har lagt merke til før, så vil me gleda oss. Uansett så vil det å sjå eit vakkert landskap med sin flora og fauna, uungåeleg røra ved oss. Kjærleiken til naturen blir vekka, som i sin tur gjer at me kjempar for å ta vare på den. Vonar at denne sida vil kunne vera til gled for dei som vitjar den og at dei ynskjer å ta turen ut.
Ein hjort dukka brått opp i landskapet då eg var i Selvikvågen naturreservat. Den såg på meg ei stund, før den forsvann bak haugen til venstre.
Denne sida er under oppbygging. Det er målet at fleire skal bli kjent med livet langs vår langstrakte og mangfaldige kyst og ikkje minst ta turen ut. Her er det fyrst og fremst flora og fauna over tidevannsona som blir skildra, sjølv om artsmangfaldet er større under sjøoverflata. Det er nok også sjøen som sjuler flest ukjende artar. Etter kvart håper eg å skildra litt av livet i tidevannsona og under den, i alle fall gje nokre peikarar til det. Det er teke med landskapsfoto av eit utval av kystlandskapet.
Det er utvikla eit kartleggingsystemfor naturen i Noreg, som blir kalla «Natur i Norge» (NiN). Dette kartleggingsystemet er ein felles standar for dei som driv med naturkartlegging i Noreg. Artsdatabanken skildrar «Natur i Norge» (NiN) grundig på sine nettsider. Dersom du ynskjer å ta ein titt, kan du fylgja lenka i teksten. Der forstår me kor omfattande oppgåve det er å skildra den mangfaldige naturen me har i Noreg.